Austevoll

Austevoll
– knytter øyene tettere saman

Austevoll er ei øykommune nær Bergen i Hordaland. Nærheita til Noregs nest største by, saman med eit spennande næringsliv og flott natur har gjort Austevoll til ei attraktiv kommune å bu og virke i for innbyggarar, organisasjonar og turistar.

Austevoll

Bekkjarvik

Tradisjonsrikt og levande handels- og sjøbruksmiljø med Bekkjarvik Gjestgiveri, butikksenter, postkontor, nothengje med scene, lun gjestehamn og badeplass. Kvar sommar er det store kystkulturarrangement i den gamle nothengja og med besøk av veteranbåtar. Butikksenteret er omsorgsfullt tilpassa dei gamle sjøhusa med mange spor frå tida med salting av sild, laging av tønner, utrusting av fiskebåtar og vedlikehald av fiskeredskapen.
Nytt for året er Smakeriet burgerbar, der verdsmeiste i kokkekunst Ørjan Johannessen og kjøkensjef på Gjestgiveriet Arnt Johannessen diskar opp gourmetburger i fornorska diner-lokaler.


Austevoll

Villsau

Villsauen i Austevoll er ein gamalnorsk sauerase som har levd på norskekysten i meir enn tusen år. Villsauen er ikkje “vill”, men er ein del av drifta i jordbruket. Villsauen lever ute heile året og er ein del av skog- og lyngheilandskapet. Villsauen vert sanka saman to gangar i året for klipping og utplukking av dyr til slakting. Kjøt av villsau skil seg frå anna sauekjøt både i smak og kjøtkvalitet. Villsauen er kraftigare i smaken og minnar meir om vilt. Du kan oppleve villsauen beite langs vegen sør-vest på Huftarøy eller langs turstiane.


Austevoll

Stolmen

Austevoll var eit av dei fyrste stadane som vart isfritt for omlag 10 000 år sidan. På Stolmen er det gjort ei mengde funn som stadfestar at dei fyrste jeger- og fangstfolka slo seg ned her i øyriket. Det er eit rikt fugleliv og mange gode fiskeplassar rundt øya. Utmarka er ope for ferdsel til fots, og ein kan fritt overnatta i medbragt telt. Stolmen har òg Stangeland Gjestegard. Her kan ein sjå på dyra, leige den innreda løa til selskap opptil 50 personar, og gardshuset er til leige med ei mindre stove til selskap og 6 doble rom.
Kvalvåg
Ei særprega gamal handels- og fiskerihamn med eit spanande naustmiljø og kyrkje. Rutebåten stoppar ikkje der lenger, men kaia og miljøet er i god stand. Kystkulturdagar kvar sommar. God og lun hamn.
Monument på tysk radar- og lytteanlegg
Tyskarane bygde eit anlegg for radar og lytting på trafikken på Stolmen under siste krig. På tuftene står i dag "Globen" – eit opplyst minnnesmerke og markering av 60 grader nord. I tillegg er plankevegen opp til Globen ferdigstilt i år, ein imponerande konstruksjon som "svevar" over terrenget, og gjer for fyrste gong minnesmerket tilgjengeleg for alle, til fot eller på hjul.


Austevoll

Storebø

Kommunesenter med internasjonal fiskerihamn, gjestehamn med marina, badeplass, friluftsområde, legekontor, bank, post i butikk og kyrkje og butikksenter. På Tusenårsstaden er det ei nyrestaurert prestebolig og -gard som rommar bl.a. Kulturbakeriet og lokalavisa Marsteinen. På staden vert det arrangert større og mindre kulturarrangement, som festival, konsert, kunstutstilling i bakeriet, utegudstenester, aktivitetsdagar v/Livsstilsenteret og anna.
På Storebøportalen finn du Heimalaga – kjelda for ekte husmannskost laga med sjel og ekspertise, Art frisør, Forglemmegei blomster og Sparebanken Vest, samt Gullfisken gåvebutikk, og Adora Femme for ekstra pleie og velvære.


VELiHAVN er et sammarbeidsprosjekt mellom Redningsselskapet og Scan Info.

Meld deg på vårt nyhetsbrev