Austrheim kommune

Austrheim kommune
– opne landskap, ope sinn

Her er ca 2900 innbyggjarar. Til næraste by, Bergen, kjem ein på ca 1 time. I kommunen er det rikeleg høve til mangfaldig friluftsliv både på sjø og land. Det er ei glede å ynskje deg som turist velkomen til Austrheim. Om du kjem med båt, bil, buss eller syklande. Det vi først og fremst kan tilby er ein flott skjergard med øyar, holmar, straumar og lune viker som eignar seg godt for bading. Austrheim kommune er ein av vertskommunane til Statoil Mongstad. Kommunen satsar på å arbeida fram gode bumiljø der tilflyttarar kan busetja seg. Kommunen har ein symjehall med ei aktiv symjegruppe. Det er og ein idrettshall og ny idrettspark. Kommunen har også vidaregåande skule.

Austrheim kommune

Turar og friluftsområder

Austrheim er på mange måtar eit stort turterreng, men om du treng litt hjelp, fins her åtte merka turløyper, sju av dei er sjønære. Ein attraksjon du berre finn i Austrheim, er Vardetangen, det vestlegaste punktet på fastlandet, 4 grader 56 min. 43,182 sek. austleg lengde og 60 grader 48 min. 36,614 sek. nordleg breidde.
Går du turløypa gjennom Hoplandsmarka , frå kvernhuset i nord, til Fosenstraumen i sør, har du eit historisk spenn på mange tusen år. Langs denne løypa finn du på mange måtar livsgrunnlaget for folket på desse kantar i gammal tid; heimeavla korn male på lokale kverner og dei rike fiskeplassane i dei mange straumane.
Langs turløypa i Øksnesmarka finn du spor etter torvtaking. Torv var tidlegare eit viktig brensel; vedskog fanst nesten ikkje, og kol var dyrt.
Fine utsiktspunkt finn du i turløypene i Krossøyna og Lerøyna .
Her finn du ei oversikt over turløyper i Austrheim ->>

Friluftsområder
Øksnes friluftsområde (bildet) har turvegar og strand som er eigna for rullestolbrukarar med hjelpar. Dette er eit av dei områda BOF har i Austrheim. Parkering ved dampskipskaien og etter slippen ved småbåthamna. Føl grusvegen vidare inn i området. Toalett og informasjonstavle ved parkeringa. Fast bord og benkar, samt grill ved stranda. Det er ein fin teltplass på austsida av vika. Stupebrett med badestige på vestsida. Området er eit fint utgangspunkt for padling med kajakk i øyane nord for friluftsområdet. Bilveg heilt fram til badeplassen.
Andre friluftsområder: Sauesanden, Børilden og Årvika


Austrheim kommune

Padling

Havsportkommunen Austrheim er eit eldorado for padleturar i kajakk eller kano. Det meste av Austrheim kommune består av 489 øyar, holmar og skjer. Naturen er spennande, variert og tilgjengeleg for alle. Kajakk- eller kanoturen kan kombinerast med fisking eller turar på land. Det finst alltid ei øy eller ein holme for deg!
Foto: FjordImage Ola Moen


Austrheim kommune

Med båt til Austrheim

Austrheim kommune ynskjer å framstå som ein open og god kommune å besøkja, og vi vil prøva å leggje til rette slik at du som kjem med båt til Austrheim skal kunne finne deg ein kai som du kan fortøye båten og ha nokre fine dagar.
Her finn du ei oversikt over nokre av dei kaiane som kan vera aktuelle for deg->> Dei fleste er kommunale, medan nokre er private. Ikkje alle er like godt tilrettelagde enno, og nokre ligg eit godt stykke frå kommunesentrum. For å lokalisere kaiane ber vi deg bruke nordhordlandskart.no.
Foto: Helge Dyrkolbotn


Austrheim kommune

Attraksjonar

I 10.000 år har det budd folk i Fosnstraumen, og mange spanande funn er gjort både på Austrheimsida og på Radøysida. Det er skilta med informasjonstavler som fortel om funna og om livet i steinalderen.
Kilstraumen har ein spanande historie som kan førast attende i skriftlege kjelder i Håkon Håkonssønns saga. Staden fekk kongeleg bevilling i 1610. I dag er staden prega av Kjelstraumen Vertshus som er renovert og har utvida drifta mykje og framstår som eit reiselivsfyrtårn i Nordhordland.
Kunsthuset Austrheim held til i det gamle kommunehuset på Austrheim. Her finn ein ei samling kunstnarar og dyktige kunsthandverkarar. Ope kvar laurdag 11.30-14.30 eller på forespurnad. Kontaktinformasjon: Kunsthuset Austrheim, Åråsvågen 3, 5943 Austrheim. Mob. 92223687 / 45607372.
Er du i Austrheim anbefaler vid eg ein tur til Vardetangen . Dette er det vestlegaste punktet på fastlandet i Noreg. Etter å ha vore der kan du sikra deg eit sertifikat og ei Vardetangent-skjorte. Kan kjøpast på Kjelstraumen Vertshus eller i Turistinformasjonen på kommunehuset i Austrheim. Meir om Vardetangen her ->>
Øyanevegen er ei oppleving og ein attraksjon for seg sjølv. Den snor seg roleg i landskapet mellom øyar og sund. Her kjem du så nært havet som det nesten let seg gjere. Vil du lenger tek du ferja til Fedje . Denne går frå Sævrøy.
Austrheim er ein av vertskommunane til industrien på Mongstad. Her held Statoil Mongstad, TCM, CCB Mongstad og mange fleire bedrifter til. Også eit spanande oljemuseum finn du her. Dette er verd eit besøk om du har tid.
Foto: Karstein Vabø


Austrheim kommune

Velkomen til Austrheim!

Sjå Austrheimfilmen ->>


VELiHAVN er et sammarbeidsprosjekt mellom Redningsselskapet og Scan Info.

Meld deg på vårt nyhetsbrev