Askvoll kommune
– rom for eventyr!
Unike opplevingar
Ver med på øyhopping i Askvoll og Solund. Dette er ein flott tur blant dei vestlegaste øyane i Norge. Her kjem du tett på det spektakulære landskapet med tusenvis av øyar, holmar og skjer. Lonely Planet har kåra øyhoppingsturen som eit av 14 høgdepunkt ein bør få med seg når ein er på ferie i Noreg. Film frå øyhoppingsparadiser lengst vest i Noreg >>
T Stormwatching KST. Vinteren langs kysten vår er ofte ei stormfull oppleving, kombinert med eit fantastisk vinterlys. November til februar er høgsesong for stormar! Kaldt vêr med snø er heller sjeldan på våre kantar, men vindfulle dagar har vi derimot mykje av! Askvoll ligg i det mest stormfulle området i Sør-Noreg, og det byr på spektakulære naturopplevingar!
Kajakkpadling . Med hundrevis av øyar, holmar og skjer i vakker urørt natur og lite båttrafikk, gjev kysten deg nokre av dei beste havpadleopplevingane Noreg har å by på. Om du vil padle i meir skjerma farvatn, får du fine opplevingar i Dalsfjorden og Førdefjorden.
Bilde: Landøy mot vest. Foto: Geri Olsen
Værlandet og Bulandet
Bulandet og Værlandet er Noreg sitt vestlegaste øysamfunn med busetnad og blir ofte omtalt som «Noregs Venezia». Her ligg øyane som perler på ei snor, med lite trafikkerte vegar som innbyr til fantastiske naturopplevingar.
Øyane er vakkert bundne saman av 6 bruer og 5240 m veg. Vegsambandet blir kalla for Nordsjøporten og fekk Vakre vegars pris av Vegdirektoratet i 2006. Vegen er ikkje berre ein viktig veg for samferdsela, men er òg ei fin reise gjennom øyriket. Om du vil prøve øyhopping frå sykkelsetet kan du leige og levere sykkel på butikkane i Værlandet og Bulandet .
Turen til Værlandet og Bulandet er en fin dagstur med ferje frå Askvoll. Er du heldig, kan du sjå både nise, kobbe og havørn. I turistsesongen kan du velje mellom fleire eteplassar, og det er fleire moglegheiter for overnatting heile året, både på Værlandet havhotell og i rorbuer. Eller du kan prøve overnatting på Geita fyrstasjon.
Bilde: Aralden. Foto: Arve Aasnes
Mektige fjell
Alden eit av dei mest markante seglingsmerka på vestlandet. Frå toppen har du fantastisk utsikt i alle retningar! Fjellet stig nærmast loddrett opp av havet, er 481 meter høgt og synleg meir enn 100 km til havs. Stien til Alden er fin, men relativt bratt dei fyrste 300 høgdemetrane. For å komme til Alden kan du ta ferje til Værlandet og bestille skyss over til Aldevåg, men du kan òg bestille tur med RIB-båt frå Askvoll.
Blegja i Askvoll blir gjerne kalla Dronninga blant fjella i Sunnfjord, og ikkje utan grunn. Turen opp det 1304 moh. høge fjellet er krevjande, men naturopplevinga desto større. Frå toppen kan du nyte synet av den fantastiske vestlandsnaturen med fjord, fjell, isbre, øyar og hav så langt auge rekk. Blegja byr på utsikt til Jostedalsbreen og fjella rundt Bergen, 100 km vekke. Ei spektakulær naturoppleving!
Brurastakken på vestsida av Atløy er eit fantastisk utsiktspunkt på få høgdemeter. Fjellformasjonen ligg godt synleg frå sjøen vest for Atløy og er eit prydstykke av bergartar frå svartskifer, via sandstein til konglomerat. Dei tre kvite banda av kvartsrik sandstein gjer at fjellet ser ut som ein tradisjonell brudekjole. Tidleg om våren pyntar dei raudfiolette blomstrane til Vårmarihand Brurastakken. Det gjer turen ekstra frodig og spennande på denne tida av året.
Bilde: Alten
Askvoll sentrum
I tettstaden Askvoll ligg alt til rette for ein god ferie med fleire butikkar og servicetilbod, hotell og eigen delikatesseforretning. Midt i Askvoll ligg sentrumshamna, med krotilbod og ein flott park med trampoliner og treningsapparat. I tillegg er det gjestehamn, camping og bubilplass hos Askvoll Småbåtlag som ligg idyllisk til på Øyra. Der kan du grille, ta deg ein dukkert på badestranda eller prøve deg på sandvolleyballbana eller i klatreparken.
Kommunesenteret er eit godt utgangspunkt for å utforske resten av kommunen, og det går ferje til Atløy, Fure og Værlandet/Bulandet. Frå sentrum er det gangavstand til godt merka turløype som rundløypa Prestegarden rundt (3 km) eller til fjelltoppar som Blåfjellet og Fristadfjellet . Du finn òg gode fiskevatn i nærleiken.
Kvar sommar blir det arrangert Krabbefestival på Atløy med mat og krabbemoro for store og små. Populær er også det årlige Skjærgårdstreffet med mange aktivitetar. Verdt å få med seg er også Dalsfjordveka med kulturarrangement langs Dalsfjorden.
Rik på historie som strekk seg heilt til Island
På Stavenes er det ein kultursti langs rullesteinsstranda. Her ligg det rundt 30 gravrøyser og 11 små helleristningsfelt frå eldre- og yngre bronsealder (1800 - 500 f. Kr). Eit av dei har eit vognmotiv som er det einaste i sitt slag i Norge. Det står eit informasjonsskilt om kulturminna ved starten av turstien.
Vilneskyrkja på Atløy er ei vakker middelalderkyrkje i tre frå 1674, og er den eldste trekyrkja i Sunnfjord. Ein reknar med at Vilnes var offerstad i eldre tid, og tre store bautasteinar like ved kyrkja kan ha vore brukt i ein slik samanheng. I følgje et segn skal trolla ha kasta dei mot kyrkja då kyrkjeklokkene ringte for første gang, men steinane trefte ikkje og vart ståande i marka vest for kyrkja. Vitskapsmenn meiner derimot at steinane kan vere reist som eit gravminne over Atle Jarl som daude etter slaget ved Stavenes.
I Rivedal står statua av Ingolf Arnarson, født ca. 840 e.Kr. Sagaen fortel at Ingolfr første gang segla til Island i Harald Hårfagres unge dagar. Etter ein slektsfeide som enda med at to av dei tre sønene til Atle Jarl blei drepen, måtte han rømme riket som ein fredlaus mann. Saman med fosterbroren Leiv segla han vestover til Island og overvintra der. Sommaren etter reiste han heim til Rivedal for å hente familie, eigedelar og husdyr. Truleg drog han på nytt til Island i 874. Da Ingolfr nærma seg Island, skal han ha kasta høgsetestolpane på sjøen og busett seg der stolpane dreiv i land. I dag heiter byen Reykjavik. Dermed går røtene til nasjonen Island tilbake til Rivedal i Dalsfjorden.
Industrihistoria i Askvoll er innhaldsrik. I Grimelia finst det spor etter kopargruver frå 1800-tallet, og i Stongfjorden starta aluminiumsindustrien i Noreg opp i 1908. Her kan ein gå ei digital industriminneløype som tek deg med rundt i denne gamle og ærverdige industribygda og viser stader knytt til Nord-Europas første aluminiumsverk. Løypa er 1,2 km lang og har 9 stopp.
Bygdene på nordsida av Dalsfjorden ber på minne om teglsteinsproduksjon, brusfabrikk, smørfabrikk og ullvarefabrikk. I dag er Hellekniven i Holmedal varmerket for desse bygdene.
Verdt å få med seg
Stongfjordhalvøya og Staveneset er eit flott utgangspunktet for fleire kjempefine toppturar med vid utsikt mot hav og fjell.
Atløy er ei perle å utforske med sykkel på smale vegar med lite trafikk. Du kan besøke Vilneskyrskja, bade eller gå tur i godt merka turløyper.
Ta ein tur til Nykshytta , dagsturhytta med nynorsk fjellbibliotek i Holmedal - om lag 450 moh. I Holmedal kan du òg besøke fabrikkutsalet til Helle som produserar knivar og bestikk for ein internasjonal marknad eller lære om industrihistoria på bygdemuseumet.
Solnedgangstur med sykkel. Om utgangspunktet er Askvoll sentrum kan du sykle til Eimind for å sjå den praktfulle solnedgangen. Her ute ligg òg Eimindsanden, ei flott rullesteinsstrand.
Bilde: Eimindstranda. Foto: Ketil Dalsøren
Eit eldorado for båtfolk
Båthamner og gjestehamner finst det fleire av i kommunen (sjå oversikt over gjestehamner og uthamner nedst på sida). Askvoll har eit vell av stille og fine viker der du kan nyte kveldssola.
VELKOMEN TIL SMÅ OG STORE EVENTYR I ASKVOLL >>