Høyanger kommune

Høyanger kommune
– Opplevingar og aktivitetar

I Høyanger kommune finst det massevis av kjekke aktivitetar og opplevingar for båtfolk som ønskjer ein pause frå den spektakulære Sognefjorden. Vi kan mellom mykje anna by på kultur, natur, historie, "bygdeurbanitet", moro for heile familien, god mat og god drikke. Velkommen til oss! Ønskjer du meir informasjon om Høyanger, eller tips til aktivitetar? Kontakt turistinformasjonen (Høyanger bibliotek) på telefon 577 11 590 mellom kl. 11:00 - 18:00 måndag og torsdag, kl. 10.00 - 15.30 tysdag, onsdag og fredag, eller mellom kl. 10:00 - 14:00 laurdag.

    Høyanger sentrum

    Høyanger tettstad er ein over hundre år gamal industristad bygd opp etter datida sine tankar om ein idealby. Historia pregar industribygda, og ein kan finne spor av den overalt! Eit av særtrekka til Høyanger er den kompakte "bykjerna" der ein kan finne industrikultur og handel i tett samspel. Her ligg den særeigne Byporten med Høyanger Industristadmuseum og Gunnar S. Galleriet, vel verdt eit besøk i seg sjølv. Ein rusletur gatelangs i Høyanger sentrum vil også by på mange inntrykk. Spreidd utover sentrum kan ein finne ei rekkje skulpturar, og det freda bustadområdet Parken er ein populær utfluktsstad for både tilreisande og fastbuande. Høyanger sentrum har også fleire butikkar og serveringsstadar for dei som ønskjer å handle, eller nyte eit godt måltid eller ein kaffikopp.


      Familieaktivitet

      Høyanger tettstad er ein perfekt stad for familiar! Badeanlegget Høyangerbadet husar fem ulike basseng inne og ute, stupetårn og sklier. Like utanfor Høyangerbadet ligg og Tufteparken og sentralidrettsanlegget der ein kan leike og utfalde seg fysisk på sandvolleyballbana, fotballbanene eller i leikeanlegget.

      På sommaren yrer bytorget med liv, og er ein kjekk stad å opphalde seg for både små og store. På bytorget ligg ulike kulturtilbod som kino/samfunnshus, galleri og museum like ved, i tillegg til alt av serveringsstadar og butikkar. Alt på ein plass!


        Friluftsliv

        I Høyanger tettstad er "Trappene" ein populær "tursti" like ved sentrum beståande av 1268 trappetrinn fordelt på 311 høgdemeter. "Trappene" er og arena for det årlege Trappeløpet, som Oddvar Brå vant første gong det vart arrangert i 1992. I tettstaden er det også mogleg å køyre/gå opp Fjellvegen til skianlegget Siplo, og derifrå utforske fjellområda rundt industribygda.

        Bygdene rundt om i Høyanger kommune er flotte utgangspunkt for fjell- og friluftsliv, og sørsida av kommunen fungerer om ein inngangsport til Stølsheimen. Aktive idrettslag og turmiljø rundt om i heile Høyanger har opparbeida og merka løyper for både kortare og lengre utfluktar nær sagt over alt. Besøk gjerne ut.no for å finne aktuelle turar, eller ta kontakt med turistinformasjonen på telefon 577 11 590 om du vil ha turtips.


          Unike opplevingar

          Det finst mange unike opplevingar spreidd utover heile Høyanger kommune. I Ortnevik kan du til dømes oppleve verdas minste stavkyrkje og verdas største landbaserte kveiteoppdrett i ei og same bygd. På den andre sida av Høyanger sørside ligg Massnes Villmarksmuseum, som har ei storslått utstilling med norsk fugle- og dyreliv som tema. På Austreim kan du bade på den kommunale badestranda. I Vadheim kan du dykke etter det tyske krigsskipet Oldenburg, som ligg berre 50 meter frå land, og i Lavik kan Sogn Tours hjelpe deg med å fylle dagen med kjekt innhald.

          Det er mykje moro å finne på uansett kvar i Høyanger kommune du er, og vi har ikkje plass til å ta med alt på denne sida. Kontakt turistinformasjonen på telefon 577 11 590, så hjelper vi deg med å finne aktivitetstilbod som passar deg!



          Meld deg på vårt nyhetsbrev