Foto: Marianne Kolstø
Sommarøya Stord

Stord kommune
– industrikommunen i Sunnhordland

Som namnet tilseier er du aldri langt frå sjøen på Stord. Øya inneheld to kommunar, Stord og Fitjar med Bømlo og Kvinnherad som næraste naboar. Flateinnhaldet i Stord Kommune er 144 km2 og innbyggjartalet er ca. 18.760. Kommunen har i dag to handels-sentrum, Leirvik og Heiane. Leirvik sentrum ligg ved hamna i Stord og Heiane ligg langsved E39 med god bussforbindelse frå/til Leirvik. Busetnaden er spreidd med Leirvik som offisielle sentrum, men med fleire tettbygde stader som Kåravikjo, Heiane, Sagvåg, og Nordbygdo. Du kan lasta ned meir informasjon om Stord Kommune her >>

  • Foto: Norsea Group AS

    Foto: Norsea Group AS

    Eldøyane Næringspark

    Det maritime miljøet pregar næringslivet på Stord sterkt. Kværner Stord og Eldøyane Næringspark er den største industriklyngja på Stord, og dekkar eit areal på over 350.000 m2/2.000 m. sjølinje og med over 40 forskjellige verksemder og bedrifter.


    Leirvik sentrum

    Innseglinga til Leirvik Hamn fører deg til hjarta i sentrum av Leirvik. Her er det museum, parkar, kulturhus, rådhus, handlegate og AMFI senter, torg og strandpromenade rundt heile hamna. Stord kommune sine gjestehamner lokkar med sentrumsnærleik og korte avstandar til kultur, handel og aktivitetar for store og små.


    Stord kulturhus

    Tilbyr symjebasseng, kino, teater, bibliotek etc.


    Friluftsliv

    Av aktivitetstilbod er det fleire lysløyper og det er lagt vel til rette for å kunna nyta naturen, toppturar og fjellturar på Stord. Se stord-fitjar.dnt.no.
    Frå Leirvik sentrum når du Ådlandsvatnet, Landåsen, Hystadmarka med flotte badestrender og Vikastemno. Til alle desse turmåla kan du gå samanhengande på fortau/gangveg frå sentrum.



    • Foto: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

      Foto: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

      Kattnakken / Stordfjellet og Fyrøya

      Sherpatrappene – 624 trappetrinn opp Fossabrekko med ei fantastisk utsikt over store deler av Sunnhordland.

      Fyrøya
      Leirvik fyr er eit leifyr for båttrafikk i Sunnhordlandsbassenget. Det ligg sentralt til på Midtøy ved innseglinga til Leirvik hamn. Frå fyrstasjonen er det utsyn mot Ålfjord, Bømlafjord, Bjoafjord, Klosterfjord, Kvinnherad/Hardangerfjord og Nuen.
      Fyrstasjonen er eigd av Stord Kommune. Den er på om lag 4 mål grunn, og omfattar bustad for fyrvaktarfamilie, uthus, maskinhus, eit lite oljehus, båtnaust, kai og molo. Øya er tilgjengeleg for ålmento.


        Verdt å sjå og oppleve på Stord

        Sunnhordland Museum
        Her finn du regionmuseets hovudbygg med aktuelle utstillingar heile året, samt fleire historiske bygg i det flotte Sunnhordlandstunet. Mellom anna museets eldste bygg, Ådlandsstova, som er rekna å vera frå omlag 1400.
        Museet har ope kvardagar året rundt, om sommaren også i helgene.

        Gruvemuseet på Litlabø
        Frå 1865 til 1968 blei det vunne ut kis i gruvene på Litlabø på Stord. Her står framleis heistårnet, maskinhallen, ei smie og ein restaurert arbeidarbustad. 
        Eit aktivt venelag syt for togturar inn i gruvegangane og vandringar i lokalmiljøet kring gruva. Har du lyst til å vita meir om venelaget sin aktivitet, sjå nettsida deira >>

        Friluftsliv
        Lysløype rundt Hustredalen ( i samband med Gruvemuseet). Lysløypa inn Hustredalen går på gamal grusveg til enden på Hustredalsvatnet, inn til byggjefelt i Rødkleiv. Og ned att til Vaskeriplanet. Dette er ein fin og familievennleg rundtur.
        Motorcrossbanen er og å finna vidar innover lysløypa ved Gruvemuseet.

        Motorcrossbanen
        i Hustredalen vart etablert i 1989. Klubben har eit aktivt miljø og det er køyring tysdag og torsdag samt helger.

        Utslettefjellet
        Dette er ein topptur til Utslettefjellet ved Sagvåg. Toppen er på 252 meter over havet. Såleis er det ikkje mellom dei høgaste toppane på øya, men på toppen har du ein fantastisk utsikt utover Stord og Bømlo. Du vil sjå Siggjo, som er det høgaste fjellet og landemerke på Bømlo.
        I sør ser du Trekantsambandet og bruene der, og Trollvassnibba i Sveio. Fin kort tur, med flott utsikt. Se stord-fitjar.dnt.no.


        Uthavner

        Rubbestadneset

        Viktige kontakter

        Stord kommune

        Meld deg på vårt nyhetsbrev