Sandnes, Hå, Time, Sola i Rogaland fylke

Stiftinga Jærmuseet
- Sandnes, Hå, Time, Sola i Rogaland fylke

Opplev, delta og utforsk

Opplev moderne vitensenter, eit Garborgsenter og utstillingar og anlegg som fortel om jordbruk og byggeskikk, industri og byhistorie, fly og luftfart, sjø og sjøredning. Med 12 opne publikumsanlegg over heile Jæren, har Jærmuseet noko for alle.

Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå, samt regionalt vitensenter for Sørvestlandet.

Som museum er oppgåva å dokumentera og formidla den nyare historia til regionen. Som vitensenter skal Jærmuseet skapa interesse for matematikk, naturvitskap og teknologi.

Bli kjent med historia til Jæren gjennom interaktive utstillingar og aktivitetar, like gilde for store som små. Opplev forrykande show, besøk dyra på garden, «snurr» dikt, studer militære og sivile fly, gå opp i fyret og finn ut koss fyrvaktaren budde, eller nyt utsikta og roen i dei gamle gardstuna som fortel om livet på Jæren i eldre tid.

Jærmuseet har desse besøksanlegga:
Vitenfabrikken (Sandnes)
Museum og vitensenter. Ope heile året.
Vitengarden (Nærbø)
Museum og vitensenter. Ope heile året.
Garborgsenteret (Bryne)
Museum og litteraturhus. Ope heile året.
Knudaheio (Undheim)
Arne Garborg si diktarstove. Ope april – september.
Garborgheimen (Time)
Arne Garborg sin barndomsheim. Ope april – september.
Flyhistorisk Museum Sola (Sola)
Imponerande samling milære og sivile fly. Ope april – november.
Tungenes fyr (Randaberg)
Fyr på nordspissen av Jæren. Ope februar – november.
Vistnestunet (Randaberg)
Museumsgard. Ope enkelte sundagar gjennom året.
Limagarden (Gjesdal)
Museumsgard. Ope sundagar mai – september.
Grødaland (Nærbø)
Museumsgard. Ope sundagar mai – september.
Haugabakka (Klepp)
Skulestove. Ope enkelte dagar gjennom året.
Varden Sjøredningsmuseum (Ogna)
Ope enkelte sundagar gjennom året.

Meld deg på vårt nyhetsbrev