Herøy kommune
Foto: Øyvind Kåre Sunde

Herøy kommune
Variert og unikt

Kjenn sjøsprøyten mot andletet, sov i eit fyr, dra på vandring i øyriket, handle i kystbyen Fosnavåg og gå ikkje glipp av skat­teøya Runde. Med Sunnmørsalpane som bakgrunn og storhavet som næraste nabo, byr Herøy på varierte og unike opplevingar du seint vil gløyme.

Herøyspelet «Kongens Ring»

Sogespel som årleg vert framført på «sagaøya Herøy». Sidan musikken og songen har så framtredande roller, vert spelet med rette kalla «Vikingmusikalen i havgapet» og til og med «verdas vakraste vikingmusikal». Neste spel vert 3. – 4. juli 2021.

    Velkomen til Herøy

    Seks av åtte øyer er knytt saman med bruer. På skatteøya Runde, det sørlegaste fuglefjellet i Skandi­navia, kan du oppleve eit yrande fugleliv med over 100 000 hekkande sjøfuglpar. Daglege om­visningsturar med båt rundt fuglefjellet, fotturar på merka stiar, dykking og ikkje minst rundeskat­ten ved Runde Miljøsenter bør opplevast.
    Herøy har ei rik historie, og du kan sjå gravrøyser frå vikingtida ved Løsetstranda. Vikingspelet Herøyspelet «Kongens Ring» vert arrangert årleg ved Herøy Kystmuseum den fyrste helga i juli. Herøy gard er ein gammal handelsstad og tidlegare prestegard slik den såg ut på 1800-talet.

    Foto: Robert Myklebust


      Fosnavåg

      Her har du lett tilkomst til matopplevingar hos våre unike spisestadar i havgapet, turstiar med fantastisk utsikt, Sunnmørsbadet i gangavstand frå sentrum, Fosnavåg konserhus og Fosnavåg kino i tilknyting det flotte hotellet Thon Hotel Fosnavåg.

      Fosnavåg ligg lunt inne i ei av Noregs største naturlege hamner. Der er gjestebry­gger og spanande nisjebutikkar. Ved klatreparken, som vart opna i 2018, finn du ei stor og fin bubilparkering. Kjem du med båt eller bubil, får du enkelt tilgang til dusj, vaskemaskin og tørketrom­mel ved Allmenningen. Kommunen har eit sunt og satsingsvillig næringsliv innanfor offshore og fiskeri. Fosnavåg har vorte kåra til «Årets næringsby» fleire gongar. I tillegg til Årets ungdomskommune for Møre og Romsdal.


        Skøytestasjonen i Fosnavåg

        Skøytestasjonen i Fosnavåg dekker området nord for Ålesund til Stadlandet. Redningsskøyta «Idar Ulstein» er stasjonert her, med Ålesund som sekunderstasjon. Denne skøyta tilhører Ulstein-klassen, er 22 meter lang. Du finner redningsstasjonen ved en av kaiene i Pollen i Fosnavåg. Fra land kjører du i retning fiskeindustrien.

        Redningsselskapets skøytestasjon Fosnavåg:
        Telefon: 70 08 87 85
        Redningsskøyte RS «Idar Ulstein»:
        Telefon: 916 79 658


        Meld deg på vårt nyhetsbrev